Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): 28 personar har fått erstatning etter synskorrigering med laser i perioden 2009 til 2015.
npk@npk.no
Publisert: 29.06.2016 kl 11:36
Utbetalingane er på til saman over fem millionar kroner, opplyser Norsk pasientskadeerstatning (NPE). Alle dei 28 pasientane meinte seg feilbehandla etter synskorrigerande laseroperasjon i privat helseteneste.
15 av sakene gjeld svikt i behandlinga, som kan vere at pasienten ikkje skulle hatt operasjonen av helsemessige årsaker. Nokre pasientar har hatt fleire operasjonar som har ført til skade, fordi den første operasjonen ikkje har gitt tilfredsstillande resultat.
Pasientane har fått skadar som blant anna nedsett syn, tørre auge, uskarpt syn, hovudverk, sviande auge og lysutolsemd etter operasjonane. Fleire av sakene gjeld også smitte/infeksjon, der pasientane for eksempel har fått hornhinnebetennelse etter inngrep.
Totalt 68 erstatningssøkjarar har fått avslag, dei fleste fordi operasjonen og oppfølginga har vore utført på rett måte, og at plagene etter operasjonen er innanfor det som må aksepterast etter ei slik behandling.
Desse pasientane har også fått god informasjon i forkant om risikoen for plager etter eit slikt inngrep, meiner NPE. (©NPK)