Annonse
Annonse
Annonse

Overlege: Tre svevar mellom liv og død

(NPK-NTB): Tilstanden er framleis kritisk for tre av dei såra som er frakta til sjukehus etter skuleangrepet i Trollhättan i Sverige.

Annonse

– Vi har tre som svevar mellom liv og død, seier overlege Lars Spetz ved sjukehuset NÄL i Trollhättan.

– Det er fire personar som er ført hit til sjukehuset, av dei ein med hjartegjenoppliving. Av desse er tre framleis kritisk ustabile, seier han.

Ein rundt tolv år gammal gut har knivstikk i brystkassa og levra. Han har heile tida vore ustabil og blir framleis operert.

Ein 15 år gammal gut har knivstikk i venstre side i buken. Tilstanden hans er relativt stabil.

Ein vaksen mann har penetrerande stikkskadar i bukhola, med store skadar i buken. Han er på veg til intensivavdeling og under stabilisering.

Ein fjerde mann har skotskadar i nedre del av brystkassa og levra. Han blir framleis operert. (©NPK)