Øyvind Halleraker tar ikkje attval

(NPK-NTB): Stortingsrepresentant Øyvind Halleraker (H) tar ikkje attval til Stortinget frå 2017. Han går i staden over i stillinga som dagleg leiar for selskapet Hordfast AS.

Halleraker (64) har vore vald inn på Stortinget frå Hordaland sidan 2001 og sete i fleire komitear, no som nestleiar i forsvarskomiteen.

Hordfast er vegprosjektet som skal sikre ferjefritt samband på E39 mellom Os og Stord i Hordaland. Prosjektet var først anslått til å koste 19 milliardar kroner, men Statens vegvesen har sidan oppjustert denne summen til 39 milliardar kroner. Det er NHO som eig selskapet Halleraker no skal bli dagleg leiar av.

– Etter mi oppfatning er rask realisering av Hordfast kanskje det viktigaste enkelttiltaket som må på plass for å sikre Hordaland og Vestlandet vekst og konkurransekraft i framtida, seier Halleraker i ei pressemelding onsdag. (©NPK)