Klargjør siden...

Palestinsk OL-lagleiar skal ha blitt nekta utreise

(NPK-NTB-DPA): Israelske styresmakter skal ha nekta leiaren for det palestinske OL-laget å forlate Gazastripa for å reise til Brasil, ifølgje ein palestinsk tenestemann.

– Issam Qishta fekk ikkje løyve til å forlate Gaza, seier generalsekretæren for Palestinas olympiske komité, Munther Masalmeh.

Han legg til at ein trenar og nestleiaren fekk forlate Gazastripa. Dei seks palestinske utøvarane som skal delta i Rio-OL reiste alt for fleire veker sidan.

Israel har ikkje kommentert Qishtas utreiseløyve.

Innbyggjarane på Gazastripa må få løyve frå Israel for å reise til Vestbreidda, slik at dei kan reise vidare til Jordan og derfrå ut i verda.

Ifølgje Masalmeh held det israelske tollvesenet også igjen draktene og utstyret til OL-delegasjonen, slik at utøvarane har måtte kjøpe nytt i Brasil. (©NPK)

Annonse