Annonse

Pallplassen glapp for Sandbech i Laax

Ståle Sandbech enda på den sure fjerdeplassen i verdscuprennet i snowboard slopestyle i sveitsiske Laax fredag. Canadiske Sebastien Toutant vann.

Sandbech gjorde eit solid første «run» i slopestyletraseen i Sveits og vart påskjønt med 81,53 poeng av dommarane. Det gav tredjeplass etter at alle finalistane hadde vore utfor éin gong.

I forsøk nummer to mislykkast Sandbech i forsøket på å forbetra eigen poengsum. Dermed var det opptil konkurrentane å avgjera om han skulle halda på pallplassen.

Kanadiske Sebastien Toutant var nummer fire etter første runde, men fekk opp poengsummen til 87,25 etter forsøk nummer to. Dermed passerte han Sandbech og vann rennet.

Amerikanske Gerard Redmond vart andremann, medan landsmannen Justus Henkes enda som nummer tre. Han slo Sandbech med 0,8 poeng.

Noregs hadde òg to andre representantar i finalen i Laax. Fridtjof Tischendorf enda på sjuandeplass med 70,18 poeng, medan Mons Røisland vart nummer ti med 31,66.

(©NPK)

Ståle Sandbech vart nummer fire i Sveits fredag. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix.