Annonse
Annonse

Panda sakna frå Dyreparken

(NPK-NTB): Ein raud panda er meldt sakna frå Dyreparken i Kristiansand.

Annonse

Ingen har sett den tre år gamle hann-pandaen sidan onsdag ettermiddag, fortel Fædrelandsvennen.

– Det kan vera han har teke seg ein tur ut. Men han likar godt å klatra opp i tre og sova i toppen, så vi håpar framleis han sit i eit tre i parken, seier veterinær Rolf-Arne Ølberg i Dyreparken.

Folk bør ikkje prøva å fanga han eller klappa han. Viss nokon ser pandaen, så ring til Dyreparken, oppmodar veterinæren.

Dyreparken har fire raude pandaer, eit vakse par med to ungar som blei fødde tidlegare i år. Det er faren som no er sakna. (©NPK)