Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Johannes Thingnes Bø skaut ti blanke treff på standplass og suste inn til den tredje strake verdscupsigeren sin i skiskyting i austerrikske Hochfilzen fredag.
Publisert: 09.12.2022 kl 14:50
Sist oppdatert: 09.12.2022 kl 15:50
Thingnes Bø heldt sedvanleg høg fart i langrennsløypa, og med to fulle hus på skytebanen, var nordmannen heilt umogleg å slå for konkurrentane.
– Nok eit fantastisk løp. Å skyte ti treff på sprint i dag var utruleg bra, sa vinnaren til NRK.
Han vedgjekk samtidig at han var usikker på snø- og skiforhold før start.
– Det var ei uvisse eg hadde før start, men eg kjende då eg gjekk ut, at eg gjekk fort. Eg gjekk frå konkurrentar både oppover og nedover, og skjønte at eg hadde fantastiske ski. Då fann eg roa og koste meg, sa Thingnes Bø.
Han auka leiinga i verdscupen samanlagt, men stryningen er nøktern.
– Eg trur mi største utfordring denne sesongen er å gå på nokre blemmer personleg. Klarer eg unngå det, kan det gå bra, sa Thingnes Bø.
Det vart ein ny kjempedag for dei norske løparane. Sturla Holm Lægreid heldt fram der han slapp i Kontiolahti. Trass éin bom på ståande skyting kneip han tredjeplassen i rennet. Han var slått med 46,9 sekund av suverene Thingnes Bø.
Franske Emilien Jacquelin måtte også ut i strafferunde på ståande, men snappa andreplassen i mål føre Lægreid. 3,9 sekund skilde dei til slutt.
Det betyr samtidig at Thingnes Bø kjem til å ha eit havs forsprang til forfølgjarane på jaktstarten i Hochfilzen i helga.
Der går Filip Fjeld Andersen ut som nummer fire etter eit nytt kjempeløp. Han var slått med 54,5 sekund fredag.
Johannes Dale måtte på si side tole ei strafferunde på kvar skyting. Det førte til at han enda som nummer ti. Vetle Sjåstad Christiansen, som til liks med lagkameraten hadde to bom, vart nummer 13. Han fekk problema på ståande.
Tarjei Bø hadde ingen god dag. Han fekk fire strafferundar totalt og måtte nøye seg med ein svært beskjeden 39.-plass. Opp til veslebror Johannes var det heile to minutt og 24 sekund.
(©NPK)
Johannes Thingnes Bø er i kjempeslag. Foto: Vesa Moilanen/ Lehtikuva / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.