Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Scott Parker vart tysdag oppsagd som trenar i Premier League-klubben Bournemouth.
lars.eide@ntb.no/hege.grov@npk.no
Publisert: 30.08.2022 kl 10:02
Sist oppdatert: 30.08.2022 kl 10:49
Avgjerda om å stanse samarbeidet med Parker kjem berre dagar etter at nyopprykte Bournemouth rauk 0-9 for Liverpool.
Gary O'Neil tek over som mellombels trenar inntil vidare, opplyser klubben.
– Eg vil gjerne takke Scott og teamet hans for innsatsen dei har lagt ned hos oss. Opprykket til Premier League førre sesong under leiinga hans vil alltid bli huska som ein av dei mest suksessrike sesongane i historia vår, seier Bournemouth-sjef Maxim Demin.
Han legg vidare til at noko måtte gjerast for å løfte det sportslege.
– Men for at vi skal halde fram med å utvikle oss som eit lag og ein klubb samla sett, er det tvingande nødvendig at vi er på linje med strategien vår for å drive klubben berekraftig. Vi må også vise tru på og respekt for kvarandre, uttaler Parker.
– Det er tilnærminga som har gitt denne klubben så mykje suksess i nyare historie, og ein som vi ikkje vil avvike frå no. Søket vårt etter ein ny hovudtrenar vil byrje omgåande, seier han.
Klubben har starta inneverande sesong med tre tap og éin siger.
Scott Parker har tidlegare trena Fulham. Han leidde London-klubben i perioden 2019 og 2021.
(©NPK)
Scott Parkerer ferdig i Bournemouth. Foto: Jon Super / AP / NTB