Pasient med påvist koronasmitte døydde på Kalnes sjukehus

Ein mann i 60-åra med påvist koronasmitte døydde fredag ettermiddag på Kalnes sjukehus i Sarpsborg.

Det stadfestar sjukehuset laurdag morgon, skriv Fredriksstad Blad. Sjukehuset ønsker ikkje å gi ytterlegare informasjon om pasienten som følgje av personvernomsyn.

Ifølgje Dagsavisen er avdøde ein mann i 60-åra frå Moss. Han skal ha vore i risikogruppa.

Dødsfallet er det andre knytte til koronaviruset som Moss opplever på to dagar. Torsdag døydde ei kvinne i 80-åra på Orkerød sjukeheim. Mannen som døydde fredag, var ikkje bebuar på sjukeheimen.

Den avdøde mannen er den første med påviste koronasmitte som har døydd på Kalnes sjukehus.

(©NPK)

Ein person med påvist koronasmitte døydde på Kalnes sjukehus fredag ettermiddag. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix