Klargjør siden...
Annonse

Pastor Torp fekk ikkje medhald i PFU-klage

(NPK-NTB): Pastor Jan-Aage Torp klaga på at han ikkje fekk samtidig imøtegåing i ein Vårt Land-kommentar, men han fekk ikkje medhald i Pressens Faglige Utvalg (PFU).

I ein kommentar publisert i Vårt Land i mars skildrar journalist Alf Gjøsund korleis han som barn opplevde å bli utsett for fysisk avstraffing. I kommentaren trekker han fram pastor Jan-Aage Torp som eit eksempel på ein som «ikkje synest vald mot barn er så farleg», skriv Journalisten.

Torp mente han skulle fått moglegheit til samtidig imøtegåing i tråd med Vêr Varsom-plakatens punkt 4.14, og klaga inn avisa for PFU, som ikkje gav han medhald.

PFU slo fast at det her dreidde seg om ein kommentarartikkel med referansar til ein kontinuerleg debatt, der det skal vere stor takhøgd.

– Sjølv om retten om imøtegåing er sjangeruavhengig, har utvalet mange gonger gitt uttrykk for at det skal vere stort rom for spisse karakteristikkar og sterke meiningar i debattsjangrane, seier utvalet, som slår fast at Vårt Land ikkje har brote god presseskikk.

«Etter synet til utvalet er ytringane innanfor den takhøgda som ein kontinuerleg debatt må ha, og noko klager, som sjølv har sterke synspunkt, må akseptere», heiter det i utsegna frå PFU. (©NPK)