Annonse

Patrick Shanahan går av som USAs forsvarsminister

USAs fungerande forsvarsminister Patrick Shanahan trekker kandidaturet sitt til å bli permanent forsvarsminister i landet, opplyser president Donald Trump.

Mark Esper blir ny fungerande forsvarsminister, skriv Trump på Twitter tysdag. Esper kjem frå stillinga som øvste sivile sjefen for hæren i forsvarsdepartementet.

Ifølgje Trump har Shanahan trekt kandidaturet sitt fordi han ønsker å ha meir tid med familien. Han skriv òg at Shanahan har gjort ein flott jobb.

Om Mark Esper vankar det òg lovord.

- Eg kjenner Mark og er ikkje i tvil om at han vil gjere ein fantastisk jobb, skriv presidenten.

USA har ikkje hatt ein permanent forsvarsminister sidan Jim Mattis gjekk av i desember i fjor.

I denne perioden har USA trappa opp konflikten med Iran og auka det militære nærværet sitt ved Persiabukta.

(©NPK)

USAs fungerande forsvarsminister Patrick Shanahan trekker seg, ifølgje president Donald Trump. Foto: Manuel Balce Ceneta / AP / NTB scanpix