Klargjør siden...

Paven bekymra for utviklinga i Brasil

Pave Frans meiner at demokratiet er i ferd med å svekkjast i Latin-Amerika og nemner spesielt Brasil og utviklinga der det siste døgnet.

– På mange område er det eit teikn på at demokratiet blir svekt når den politiske og sosiale polariseringa aukar, noko som ikkje bidreg til å løyse dei prekære problema til innbyggjarane, sa paven då han måndag talte til ambassadørar som var inviterte til Vatikanet.

Paven, som sjølv er frå Argentina, viste til at det finst fleire land i Latin-Amerika som er prega av politiske kriser og vald som forverrar dei sosiale konfliktane.

– Eg tenkjer på desse siste timane i Brasil, la han til.

Setninga stod ikkje i den skriftlege versjonen av talen som var delt ut på førehand.

Tilhengjarar av Brasils ekspresident Jair Bolsonaro storma i helga regjeringskvartalet, nasjonalforsamlinga og høgsterett i hovudstaden Brasilia.

Pave Frans viste også til Peru, der minst 22 menneske er drepne i demonstrasjonar etter at den venstreorienterte presidenten vart avsett og fengsla, og dessutan Haiti, som no er prega av ei valdsbølgje som er så omfattande at regjeringa har bede om militær hjelp frå utlandet.

(©NPK)

Pave Frans under bønna på Petersplassen søndag. Paven, som sjølv er latinamerikanar, er uroa over den politiske utviklinga på kontinentet. Foto: Gregorio Borgia / AP / NTB

Annonse