Annonse

Paven og Rouhani meiner ytringsfridomen bør avgrensast

(NPK-NTB-DPA): Pave Frans og Irans president Hassan Rouhani er einige om at ytringsfridomen bør avgrensast når det gjeld retten til å drive med blasfemi.

– Fridom inneber ikkje at ein skal kunne krenkje det som er heilag, det som er religiøst for nokon. Det er moralsk gale og kan verke splittande, sa Rouhani under ein pressekonferanse i Roma onsdag.

Den iranske presidenten har vore på eit tre dagar langt besøk i Italia og blant anna besøkt pave Frans i Vatikanet. Ifølge Rouhani er dei to einige om at blasfemiske utsegn og uttrykk ikkje kan godtas.

– Vi har begge fordømt dette, med ulikt språk, sa Rouhani.

Vatikanet har ikkje kommentert den iranske presidentens utsegn, men pave Frans hausta kritikk då han i fjor kommenterte terrorangrepet mot satiremagasinet Charlie Hebdo i Paris.

– Vi har ein rett til å snakke ope, til å ha denne fridomen, men utan å krenkje andre. Ein kan sjølvsagt ikkje svare med vald, men dersom ein av mine medarbeidarar fornærmar mora mi, så må han rekne med å få seg ein smell, sa pave Frans.

– Ytringsfridom må ta omsyn til realitetane, og eg seier derfor at han må bli brukt med varsemd, sa paven. (©NPK)

Annonse