Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-AFP-DPA): Pave Frans opnar for at kvinner som risikerer å bli smitta av zikaviruset, kan bruke prevensjon for å unngå graviditet.
npk@npk.no
Publisert: 18.02.2016 kl 20:09
Det var til journalistar som følgde paven på flyet på veg heim til Roma etter Mexico-besøket at han torsdag kommenterte spreiinga av zikaviruset. Kommentaren var svar på spørsmål om korleis ein best kan overvinne virusutbrotet i Latin-Amerika. Viruset er knytt til fosterskadar.
Abort er ikkje eit alternativ, men prevensjon kan godtakast, meiner pave Frans.
– Abort er ikkje det minste av to vonde. Det er ei kriminell handling, sa paven.
– Å unngå graviditet er ikkje absolutt vondskap, la han til.
79-åringen viste til forgjengaren sin pave Paul VI, som i si tid gav nonner i Afrika lov til å nytte prevensjon for å unngå å bli gravide som følgje av valdtekt.
– Vi må ikkje blande vondskapen som inneber å unngå graviditet ved hjelp av abort. Abort er ikkje eit teologisk problem: Det er eit menneskeleg problem, eit medisinsk problem. Ein person vert drepen for å redde ein annan. Det er det som mafiaen gjer. Det er vondt i seg sjølv, det er ikkje religiøs vondskap, men menneskeleg vondskap. Derimot er det heilt greitt å unngå graviditet på den måten som Paul VI argumenterte med, utdjupa pave Frans torsdag.
Han tar samtidig til orde for at legemiddelindustrien utviklar ein vaksine mot zikaviruset.
– Eg oppfordrar legar til å gjere alt dei kan for å utvikle ein vaksine, seier paven. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.