Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Marcus Pedersen returnerer til Eliteserien og barndomsklubben HamKam. Han spelar i første omgang i Kamma ut inneverande sesong.
stian.grythaugen@ntb.no/hege.grov@npk.no
Publisert: 11.08.2022 kl 11:08
Pedersen har vore klubblaus sidan november i fjor og har den siste tida trena med laget. Torsdag formiddag opplyste Kamma-trenar Jakob Michelsen til TV 2 at spissen hadde signert.
Sidan kom stadfestinga også frå klubben.
– Marcus er ein veldig god venn av klubben og ein ekte HamKam-gut som har hatt mange fine stunder her. Vi håpar vi kan få Marcus tilbake i form så han kan hjelpe oss, seier Michelsen.
Spissen har signert ein kontrakt som varer ut inneverande sesong, opplyser klubben på nettsidene sine.
– Eg er veldig happy med å vere tilbake. Eg er veldig klar for å bidra på nytt, seier Pedersen.
– Eg gler meg til å spele på Briskeby i Eliteserien. Det var noko som var planen sist, at vi skulle opp etter kvart. No har det skjedd. Og så synest eg at HamKam høyrer heime i Eliteserien, held angrepsspelaren fram.
Pedersen uttalte seg positivt til Hamar Arbeiderblad om ein potensiell overgang etter treninga onsdag.
– Eg er HamKam-gut. Det er her eg kjem frå. Her starta alt, og eg har komme tilbake éin gong allereie. Ting ligg betre til rette her enn andre stader, sa Pedersen.
Sjølv om spissen er oppvaksen i HamKam, vart det ikkje altfor mange kampar for A-laget før overgangen til Strømsgodset i 2009.
Deretter vart han seld til nederlandske Vitesse i august 2010. Derfrå vart han lånt ut til både Odense, Vålerenga og den engelske klubben Barnsley, før han returnerte til Noreg og Brann i 2014.
Vidare vart det eit nytt opphald i både Strømsgodset og HamKam før turen gjekk til Tyrkia. Der har han spelt for Ankaraspor og Tuzlaspor. I november i fjor avslutta han kontrakten med sistnemnde.
No skal Pedersen jobbe for at HamKam beheld plassen i Eliteserien. Klubben ligg på 13.-plass etter 17 spelte serierundar, og har Tromsø bak seg på à poeng med ein kamp mindre spelt.
– No handlar det om å byggje Marcus opp og ha tolmod. Men vi er sikre på at Marcus kan hjelpe oss i jakta på å nå målsetjinga vår om å spele Eliteserien i 2023, seier Michelsen til nettsidene til klubben.
(©NPK)
Marcus Pedersen er igjen klar for HamKam. Foto: Fredrik Hagen / NTB