Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Danske Mads Pedersen var sterkast på den tredje etappen i Tour of Norway over 168 kilometer mellom Rjukan og Geilo.
npk@npk.no
Publisert: 20.05.2016 kl 18:33
20-åringen var i brot heile etappen, og ein trudde lenge at hovudfeltet ville ta igjen utbrytarane.
Det skjedde ikkje, og då det nærma seg målgang, var det berre spanske Lluis Guillermo Mas Bonet og Pedersen igjen.
Spanjolen spurta først, og Caja Rural-ryttaren så ut til å sikre seg etappesigeren, men Pedersen gjekk ned i kjellaren. Stölting-ryttaren kom seg opp på hjulet til Mas Bonet igjen og vann spurten.
Sondre Holst Enger blei nummer tre etter at han vann spurten i hovudfeltet før samanlagtsleiar Pieter Weening. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.