Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Den brasilianske fotballegenda Pelé tilbakeviser utsegnene frå sin eigen son om at han slit med depresjon på grunn av dårleg helse.
stian.grythaugen@ntb.no/hakon@npk.no
Publisert: 14.02.2020 kl 10:06
Pelé gjekk torsdag ut i brasilianske medium og tilbakeviste at han er deprimert, skjør og har ei vaklande helse, slik ein kunne få inntrykk av etter eit intervju med sonen Edinho tidlegare denne veka.
– Eg er straks 80 år (oktober). Eg har gode dagar og dårlege dagar, noko som er normalt for ein person i alderen min, seier fotballikonet i ei melding publisert i brasilianske medium.
I eit intervju måndag sa sonen Edinho at faren ikkje klarte å røre seg skikkeleg etter ein hofteoperasjon, og at dette har ført Pelé inn i ein slags depresjon.
– Han treng eit hjelpemiddel for å gå. Han skammar seg så mykje over helsetilstanden sin at han knapt vil forlate heimen sin, sa Edinho i intervjuet.
Men faren avdramatiserer den dystre meldinga frå sonen, og takkar fansen for alle bønene og bekymringane deira.
– Eg har det bra. Eg prøver å akseptere dei fysiske avgrensingane mine på best mogleg måte, seier 79-åringen.
Helsetilstanden til brasilianaren, som mange meiner er den beste fotballspelaren i verda gjennom tidene, har vorte gradvis dårlegare dei siste åra. Pele har hatt fleire hofteoperasjonar, i tillegg til problem med rygg og kne.
Pelé vann VM med Brasil tre gonger (1958, 1962 og 1970).
(©NPK)