Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Amahl Pellegrino måtte ut med strekk i 1-4-tapet mot Molde førre serierunde og må stå over den første gruppespelkampen i Europaligaen mot PSV.
egil.sather@ntb.no/hege.grov@npk.no
Publisert: 06.09.2022 kl 14:22
Pellegrino er toppskårar med 19 mål i Eliteserien og er ein av Glimts viktigaste spelarar offensivt. No må dei klare seg utan han i Nederland, melder Avisa Nordland.
– Status er at han ikkje er kampklar til torsdag. Han er ikkje i troppen og ikkje på flyet, seier assistenttrenar Morten Kalvenes til AN og held fram:
– Når han er skadd er argumentet vårt at han har meir igjen for å vere i Bodø og trene med dei som ikkje kan spele.
Glimt er i gruppe A saman med Arsenal, Zürich og PSV. Glimt møter sistnemnde torsdag klokka 18.45 i Eindhoven.
Kalvanes opplyser til AN at det er ein hamstringsskade Pellegrino slit med etter Molde-kampen. 32-åringen halta rundt på banen i 15–16 minutt etter han gjekk i bakken før han til slutt vart bytt ut.
(©NPK)
Amahl Pellegrino (t.v.) får ikkje vore med til Nederland når Bodø/Glimt skal møte PSV i Europa League. Foto: Mats Torbergsen / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.