Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Ytringsfridomsorganisasjonen PEN åtvarar i ein ny rapport mot ei skremmande utvikling i Tyrkia og dokumenterer korleis president Recep Tayyip Erdogan stadig strammar grepet.
npk@npk.no
Publisert: 18.12.2015 kl 09:26
Rapporten "Surveillance, Secrecy and Self-censorship: New Digital Freedom Challenges in Turkey", som blir lansert av PEN International og Norsk PEN, dokumenterer korleis regimet i Ankara i aukande grad tek i bruk hardtslåande tiltak for å kneble ytringsfridomen i landet.
– Den digitale sensuren rammar ikkje berre forfattarar og journalistar, den rammar heile folket, slår rapporten fast.
Tyrkiske styresmakter har dei siste åra sikra seg vide fullmakter til å drive massesensur, og internettleverandørar i Tyrkia blir tvungne til å hjelpe til.
– Vi er djupt uroa over den usedvanlege graden av kontroll som tyrkiske styresmakter prøver å utøve på lovleg debattforum på nettet, heiter det blant anna i PEN-rapporten.
– Det faktum at ein av våre kollegaer, journalist og PEN-medlem Can Dündaris sit bak lås og slå samtidig med at vi lanserer denne rapporten, viser korleis ytringsfridomen stadig blir innskrenka, seier presidenten i PEN International, Jennifer Clement. (©NPK)