Pensjonerte lærarar kan få lønn for å undervise asylsøkjarar

(NPK-NTB): Stortingsfleirtalet ber om nye opplæringsløp for nykomne innvandrarar og opnar for pensjonistlønn for lærarar. I tillegg skal lærarstudentar under utdanning undervise i norsk.

Regjeringa vert i integreringsavtalen beden om å leggje til rette for at pensjonerte lærarar kan drive språkopplæring gjennom å bruke pensjonistlønn. Det inneber at ein alderspensjonist som blir engasjert etter pensjonistvilkår, som hovudregel beheld pensjonen utan reduksjon. (©NPK)