Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Årets trygdeoppgjer er i hamn. Pensjonistane er skuffa og forbanna over å måtte tole nedgang i kjøpekraft i endå eit år.
npk@npk.no
Publisert: 19.05.2016 kl 14:48
Ifølgje Aftenposten er reaksjonane blant pensjonistorganisasjonane så sterke at dei nektar å skrive under på avtalen om årets trygdeoppgjer.
Det skal gi ein inntektsvekst på 2,5 prosent for pensjonistane i landet. Men trekt frå reguleringssatsen på 0,75 prosent er fasiten svekt kjøpekraft for andre året på rad – sidan inntektsveksten etter fråtrekket blir lågare enn den venta prisveksten i år på 2,5 prosent.
– Vi er veldig skuffa og litt forbanna. Vi hadde i alle fall trudd at ein i desse dårlege tidene sørgde for at pensjonistane fekk den same reguleringa som lønnstakarar. Vi krev ikkje meir enn andre, men det same, seier Jan Davidsen, leiar i Pensjonistforbundet.
Arbeidsgivarane og arbeidstakarane i frontfaget er samde om at ein lønnsvekst på 2,4 prosent er innanfor kva økonomien kan tole i år. Teknisk berekningsutval ventar ein prisvekst på 2,5 prosent. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.