Pep Guardiola: – 21 titlar på sju år er bra

(NPK-NTB-AFP): Pep Guardiola seier at han er godt nøgd med at han har sikra klubbane sine 21 titlar på dei siste sju åra.

I helga tok han eit tårevått farvel med Bayern München etter siger i cupen mot Borussia Dortmund. Finalen vart avgjort på straffespark.

Det var den sjuande tittelen hans som trenar i den sørtyske byen på tre år.

På fire år i Barcelona vart det 14 titlar i alt.

– 21 titlar på sju år. Tre titlar per år er ikkje dårleg, sa Guardiola etter cuptriumfen mot Dortmund.

Guardiola seier at han har vore heldig med klubbane han har leidd frå trenarbenken.

– Begge er to heilt eksepsjonelle klubbar. Dei har begge spelarar som gjer sitt ytste for å hjelpe deg.

Neste sesong er spanjolen manager i Manchester City.

– Dei siste månadane har ikkje vore enkle, sa Guardiola med tanke på kritikken som auka i styrke straks det vart kjent at den neste arbeidsgjevaren hans ville bli engelsk.

– Det folk sa til meg før det vart kjent at eg skulle til England, og det dei sa etterpå var to heilt forskjellige ting. Det kan eg på mange måtar forstå. Men eg er Pep, og for meg handlar det alltid om den neste kampen.

Carlo Ancelotti overtar som ny trenar i Bayern München etter Guardiola. (©NPK)

Annonse