Per Hovdenakk er død

(NPK-NTB): Tidlegare direktør ved Henie Onstad Kunstsenter Per Hovdenakk døydde tysdag i ein alder av 80 år.

Hovdenakk var direktør ved kunstsenteret frå 1989 til 1996, skriv Budstikka. Han var utdanna kunsthistorikar og arbeidde tidlegare som journalist i Bergens Arbeiderblad, frå 1959 til 1969. Etter at han vart pensjonist arbeidde Hovdenakk som frilanskurator for kunstutstillingar i fleire land.

– HOK minnest dei mange åra hans ved kunstsenteret og takkar han spesielt for dei mange framifrå tinga han har gjort for biletkunsten nasjonal, internasjonalt og ikkje minst i forhold til å utvikle HOK til den arenaen staden er i dag, skriv HOK i eit minneord på sine nettsider.

Hovdenakk vart fødd 11. desember 1935 i Ørsta. (©NPK)

Annonse