Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Norske køyretøy tilbakela 44,3 milliardar kilometer på norske og utanlandske vegar i 2015. Dette var ein auke på 1,2 prosent frå 2014. Den samla køyrelengde auka med 1,8 prosent.
npk@npk.no
Publisert: 22.04.2016 kl 11:11
Tilsvarande gjekk køyringa til bussane på vegane ned, og dei køyrde 1,3 prosent kortare samla distanse enn i 2014. Personbilar dominerer på vegane, og utgjer nesten 80 prosent av den samla norske køyrelengda. Deretter kjem små godsbilar, som køyrde 7,3 milliardar kilometer, eller 16,5 prosent av den samla norske køyrelengda. Større lastebilar køyrde 2 milliardar kilometer.
Sjølv om dei store lastebilane berre står for 4,4 prosent av samla køyrelengde, er det trekkbilar for semitrailerar som køyrde lengst i 2015. Gjennomsnittleg køyrde dei nesten 65.000 kilometer, 716 kilometer lenger enn i 2014.
Det er også ein svak auke i dieseldelen. 2 av 3 køyrde kilometer i 2015 vart tilbakelagt i eit dieseldrive køyretøy, opp 0,5 prosentpoeng frå 2014.
Talet på elbilar aukar raskt, men utgjer framleis berre 2,6 prosent av bilparken. El-personbilane køyrde i gjennomsnitt 12.987 kilometer i 2015, det er meir enn gjennomsnittet for alle personbilar, som held seg stabilt på 12.289 kilometer. (©NPK)