Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-Reuters): Ein mann frå Peru vart drepen og ei peruansk kvinne såra i bombeangrepet i Istanbul tysdag, bekreftar Perus utanriksdepartement.
npk@npk.no
Publisert: 12.01.2016 kl 17:36
Dei andre ni av dei til saman ti drepne, reknar ein med var tyske statsborgarar, ifølge ei tyrkisk regjeringskjelde.
Tyrkiske styresmakter antar at angrepet vart utført av ein sjølvmordsbombar knytt til IS. Angrepet fann stad tysdag formiddag i Istanbuls populære gamleby.
Ti menneske vart drepne og 15 såra i angrepet. Blant dei såra var nordmannen Jostein Nielsen (59), som vart treft av ein splint i kneet. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.