Petronor-direktør blir etterforska for korrupsjon – nektar straffskuld

Direktør Knut Søvold i Petronor E & P og ein annan person er sikta for korrupsjon, men ingen av dei erkjenner straffskuld.

Direktør Knut Søvold i Petronor E & P og ein annan person er sikta for korrupsjon, men ingen av dei erkjenner straffskuld.

Petronor opplyste om arrestasjonen i ei børsmelding tidleg torsdag morgon.

– Selskapet har vorte informert om at administrerande direktør i Petronor E & P, Knut Søvold, er ein av personane som har vorte arresterte som ein del av etterforskinga til styresmaktene for å innhente informasjon som kan stadfeste eller avkrefte ein mistanke om eit straffbart forhold, skriv selskapet.

Ifølgje Dagens Næringsliv er Søvold og ein annan person sikta i saka. Dei to vil bli framstilte for varetektsfengsling torsdag ettermiddag.

Advokatane Marie Nesvik og Halvard Helle representerer dei to sikta. Nesvik vil ikkje kommentere siktinga overfor DN. Ifølgje advokat Halvard Helle erkjenner ikkje klienten hans straffskuld.

Søvold sjølv seier til DN at han ikkje erkjenner straffskuld.

– Eg stiller meg uforståande til siktinga, og erkjenner ikkje straffskuld, seier Søvold.

Stadfestar korrupsjonsetterforsking

Økokrim er òg ordknappe, men stadfestar at det er sett i gang korrupsjonsetterforsking.

– Etterforskinga er knytt til prosjekt i Afrika. Verken Petronor E & P Limited eller andre selskap er sikta. Etterforskinga er i ein tidleg fase, og vi har ingen ytterlegare kommentarar på noverande tidspunkt, opplyser førstestatsadvokat Marianne Djupesland.

Det var onsdag ettermiddag at Økokrim tok seg inn i lokala til selskapet i Oslo. Petronor opplyste at så vidt dei forstod, var årsaka skuldar mot enkeltpersonar knytt til selskapet.

Verksemd utanfor Afrikas vestkyst

Børsnoterte Petronor stupte på børsen onsdag i etterkant av Økokrim-rassiaen. Petronor er eit olje- og gasselskap som har verksemd utanfor Afrikas vestkyst, i Kongo-Brazzaville (Brazzaville), Gambia, Guinea Bissau, Nigeria og Senegal. Knut Søvold har vore sjefen i selskapet sidan mars i fjor.

Styret i selskapet har i utnemnt Jens Pace som mellombels direktør medan etterforskinga går føre seg.

– For å sørgje for at drifta i selskapet blir godt vareteken under etterforskinga, har styrt utnemnt styreleiar Jens Pace som mellombels administrerande direktør på dagen, heiter det i ei børsmelding.

– Selskapet samarbeider fullt ut med styresmaktene for å leggje til rette for ei effektiv gjennomføring av undersøkingane, heiter det vidare.

Pace har tidlegare vore administrerande direktør, men gjekk av i februar i fjor då Sjøvold overtok, ifølgje DN.

(©NPK)

Økokrim tok seg inn i Petronors kontor i Oslo onsdag. Torsdag morgon opplyser selskapet at direktøren vart gripen i aksjonen. Det er ukjent kva han er sikta for. Illustrasjonsfoto: Tore Meek / NTB