Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Erik Valnes var i ein klasse for seg i den klassiske sprintprologen under den finske langrennsopninga i Muonio fredag.
Publisert: 10.11.2023 kl 10:05
Petter Northug hadde varsla at han skulle starte, men enda opp som programhelt. Det var knytt stor interesse til trønderen.
Det ville vore første gong Northug starta i eit renn i allround-langrenn på mange år.
Valnes har derimot forma inne. Løparen frå Bardufoss var 2,3 sekund raskare enn finnen Juuso Haarala.
Gøran Tefre vart nest best av dei norske på fjerdeplass.
Mattis Stenshagen følgde på plassen bak. Harald Østberg Amundsen, Even Northug og Pål Golberg vart nummer sju, åtte og ni.
Håvard Solås Taugbøl, Emil Iversen, Eirik Mysen, Didrik Tønseth, Johan Lien Nordeng, Jonas Vika, Martin Løwstrøm Nyenget og Jardar Olsen tok seg også vidare til utslagsrundane.
Det deltok mange norske som ikkje klarte å ta seg vidare frå prologen.
I kvinneklassen var heimehåpet Anne Kyllönen raskast. Ho var 64/100 sekund raskare enn Anna Svendsen. Andrea Gulbrandsen vart nummer 5, medan Amalie Ous vart nummer 8.
Lise Pedersen og Ingeborg Andberg tok seg også vidare til utslagsrundane seinare fredag.
(©NPK)
Petter Northug stilte ikkje til start i Finland. Foto: Emilie Holtet / NTB
Erik Valnes var raskast under prologen til mennene i finske Muonioo fredag. Foto: Terje Pedersen / NTB