Klargjør siden...

PFU: Forskning.no braut presseskikk

(NPK – NTB): Nettstaden Forskning.no braut god presseskikk då det publiserte artiklar frå betalande samarbeidspartnarar utan å merke dei godt nok, slår Pressens Faglige Utvalg (PFU) fast.

PFU behandla tysdag fleire klagar på to artiklar av denne typen., frå Opplysningskontoret for Meieriprodukt og frå NMBU – Noregs miljø- og biovitskaplege universitet. I sistnemnde konkluderte ein ernæringsprofessor med at raudt kjøtt og mjølk er sunt.

Eit samrøystes utval slår fast at forskingsnettstaden ikkje har merkt artiklane godt nok, skriv Medier24.

Forsking.no blir felt for brot på Ver varsam-plakatens punkt 2.6 om å ikkje svekkje det klare skiljet mellom journalistikk og reklame. Forskning.no har peikt på at artiklane er i ein «tredje kategori», som verken er redaksjonelt innhald eller reklame, men PFU meiner dette ikkje held.

– Utvalet meiner at presentasjonen og merkinga av artiklane («Frå forskingsmiljøa. Ein artikkel frå…»,"I samarbeid med») er eigna til å forvirre og villeie. Slik utvalet ser det, blir det skapt eit inntrykk av at artiklane er redaksjonelt stoff. Utvalet meiner derfor at det redaksjonelle og kommersielle innhaldet i dette tilfellet ikkje skil seg nok frå kvarandre, og at dette svekkjer det klare skiljet mellom journalistikk og reklame, skriv PFU i fråsegna.

NTB var klaga inn for å ha sitert artikkelen om kjøtt og mjølk. Konklusjonen er at saka ikkje var brot på god presseskikk, men NTB får kritikk av PFU. (©NPK)

Annonse