Klargjør siden...

Wærenskjold i bakken på oppløpet då Philipsen vann endå ein gong: – Dum tabbe

Jasper Philipsen spurta inn til siger på den 4. etappen i Tour de France. Søren Wærenskjold gjekk i bakken på oppløpet. Alexander Kristoff vart nummer sju.

Uno-X gjorde eit godt opptrekk i lang tid, men på dei siste 100 meterane vart dei passert av fleire spurtkanonar. Dermed enda Kristoff på 7.-plass, medan opptrekkjaren Wærenskjold velta.

– Det går bra. Kallenamnet mitt har vorte flodhesten frå Mandal, så eg toler eit trykk, innleidde Wærenskjold i eit intervju med TV 2.

Mandalitten følgde ikkje heilt på med oppløpet og skubba borti ein annan ryttar. Deretter fall han inn i gjerdet.

– Det var ein klassisk dum tabbe. Det var berre min eigen feil. Eg følgde ikkje ordentleg med. Eg trudde det skulle gjere meir vondt. Førebels gjer det ikkje vondt. Eg kjende eg fekk eit mykt fall inntil gjerdet, heldt 23-åringen fram.

Lagkamerat Kristoff forstod godt at det vart velt i sluttfasen av etappen.

– Eg kjenner det var eit komplett kaos, sa Kristoff om sluttfasen til pressa etter etappen.

Philipsen igjen

For Alpecin-Deceuninck og Philipsen vart det triumf for andre dag på rad. Caleb Ewan og Phil Bauhaus enda på høvesvis 2.- og 3.-plass.

På den siste halvannan kilometeren gjekk det i alt tre veltar i feltet.

– Det var eigentleg berre eg og Søren som var samla på slutten. Vi sat eigentleg fint før det vart kaos, men dei siste ti kilometrane var det heilt kaos sidan det var så roleg resten av dagen, samanfatta Kristoff på spørsmål frå NTB.

Ryttarane sykla gjennom ein flat etappe frå Dax til Nogaro på 182 kilometer. Adam Yates har framleis den gule leiartrøya etter etappen med seks sekund til UAE-lagkamerat Tadej Pogacar og broren Simon Yates.

Fleire spurtpoeng

Allereie etter nokre kilometer prøvde Uno-X-ryttar Jonas Abrahamsen seg i eit firemannsbrot, men det vart raskt køyrt inn. Dermed var det ingen utbrytarar frå hovudfeltet i lang tid.

88,2 kilometer før mål vann Philipsen den innlagde spurten, og han tok tjue spurtpoeng i samandraget. Uno-X-duoen Kristoff og Abrahamsen tok høvesvis sju og eitt poeng i kampen om den grøne trøya.

Philipsen har 150 poeng i kampen om poengtrøya og heile 70 poengs forsprang til toar Victor Lafay.

Den franske duoen Benoît Cosnefroy og Anthony Delaplace stakk i eit tomannsbrot i etterkant av den innlagde spurten og fekk eitt drygt minutt ned til hovudfeltet. Delaplace sikra klatrepoenget på den 4. kategoriserte stigninga med 27,4 kilometer igjen. Men kort tid etter vart den franske duoen taua inn.

(©NPK)

Jasper Philipsen vann sin andre strake Tour de France-etappe. Foto: Daniel Cole) / AP / NTB

Annonse