Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Fleire sjukehus har ikkje godkjent landingsplass for det nye redningshelikopteret Sar Queen. Det betyr at pilotar risikerer straffeforfølging om noko går gale.
Publisert: 04.10.2023 kl 18:38
Pilotar må nemleg vise til nødrett om pasientar skal flygast heilt fram til eit sjukehus utan godkjend landingsplass, skriv NRK. Om noko då skulle gå gale, meiner Forsvaret at pilotane risikerer å bli personleg straffeforfølgt i staden for at Forsvaret som system blir straffa.
– Viss det skulle oppstå ei hending på bakgrunn av ei nødrettbetraktning som ikkje var rett, så vil ein kunne sjå at påtalemakta i dag vil gå etter kvar enkelt fartøysjef – og halde han personleg ansvarleg, seier oberst Kenneth Øvland, som er sjef ved Luftoperativt inspektorat.
Han peikar på Helge Ingstad-havariet, der vaktsjefen på KNM Helge Ingstad tidlegare i år vart dømd etter at fregatten kolliderte med tankskipet Sola TS i 2018. Dommen er anka.
Så langt er det berre to sjukehus i Noreg som er godkjende for det nye redningshelikopteret. Øvland ber om at det på kort sikt kan givast dispensasjonar for lovlege landingar på andre sjukehus.
– Dersom Luftfartstilsynet innvilgar dispensasjon, vil landingane bli rekna som lovlege, på linje med andre, godkjende landingsplassar, seier han.
Elles er alternativet for flygarar å lande på næraste flyplass, der pasienten blir henta med sjukebil.
(©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.