Pizza-prinsen køyrde telemark i Stranda

(NPK-NTB): Kronprins Haakon nytta høvet til å halde ved like ferdigheitene som telemarkskøyrar før han besøkte Grandiosa-fabrikken i Stranda på Sunnmøre torsdag.

– Det er fantastisk fint her, så no gler eg meg til å sjå, sa kronprinsen kort før han sette utfor.

Bedriftsbesøket ved skisenteret var starten på ein aldri så liten dagsturné i vestlandskommunen, som òg omfatta eit besøk ved pizzafabrikken til Orkla Foods.

Men aller viktigast: Kronprins Haakon opna og kasta glans over yrkesmessa, der ungdom og det lokale næringslivet kunne helse på kvarandre. Ifølgje kongehuset poengterte kronprinsen kor viktig det er at ungdom tar yrkesfagleg utdanning. (©NPK)