Annonse

Planar om «europeisk Premier League» møter motbør: – Høyrer heime på bar klokka fem om morgonen

Meldingar om at det blir jobba med planar for ein europeisk versjon av Premier League, visstnok støtta av Fifa, møtte tysdag kraftig motbør frå ulike hald.

Sky Sports hevda at det går føre seg framskridne forhandlingar om å etablere ein internasjonal utbrytarliga med 18 av dei fremste fotballklubbane i Europa. Real Madrid, Barcelona, Liverpool, Manchester United og Bayern München skal vere blant klubbane. Også franske og italienske klubbar skal vere involvert.

Store bankar skal vere villige til å finansiere prosjektet ved å garantere seks milliardar dollar (56 milliardar kroner) mot framtidige Tv-rettsinntekter. Kvar klubb skal vere førespegla milliardinntekter for deltaking.

Det har mange gonger tidlegare verserte rykte om at store klubbar syslar med planar om å bryte ut og etablere ein internasjonal superliga for å auke inntektene sine. I praksis har det i det meste vist seg å vere eit effektivt pressmiddel i forhandlingar med nasjonale og internasjonale forbund.

Ifølgje Sky Sports er meininga at klubbane skal halde fram i dei heimlege ligaene sine og spele europeisk Premier League i midtveka, men det vil gjere eit tettpakka kampprogram endå meir uhandterleg, og for Meisterligaen vil det vere katastrofalt. Om Fifa er involvert, vil det vere ei krigserklæring mot Uefa.

La Liga-presidenten rasar

– Desse undergrunnsprosjekta ser berre bra ut når dei blir lagt fram på ein bar klokka fem om morgonen, seier den fritalande La Liga-presidenten Javier Tebas om dei påståtte planane.

– Dei som står bak ideen viser ikkje berre total mangel på forståing for strukturen i europeisk fotball og skikkar, men også alvorleg vankunne om rettsmarknaden. Og det er om desse folka faktisk finst, for eg ser ingen stå fram og forsvare prosjektet.

Det er berre ei veke sidan «Project Big Picture», ein plan om å endre maktstrukturen i engelsk fotball, vart avvist av Premier League-klubbane. Visstnok var Liverpool og Manchester United pådrivarar i planane som mellom anna ville slanka eliteserien og gitt dei største klubbane meir makt.

Tebas er ikkje åleine om å slakte dei nye planane. Fotball Supporters Association, eit interesseorgan for tilhengjarar av engelsk fotball, går òg hardt ut mot dei.

Reagerer med avsky

– Om du er klubbeigar og synest ei global helsekrise er perfekt høve til å rive opp og endre fotballen for å gagne milliardærar, så har du inga aning om kor mykje fotballfans avskyr prosjektet ditt, heiter det i ei fråsegn frå FSA.

– Dette kjem ikkje til å gå slik de trur.

Det er venta at Meisterligaen vil bli endra når rettsavtalane for Champions League går ut i 2024. Uefas opphavlege forslag om eit utvida gruppespel og eit system med opp- og nedrykk vart møtt med høglydte protestar frå mindre klubbar og ligaer som fryktar å hamne utanfor det gode selskap.

Den nye meisterligasesongen vart sparka i gang tysdag i det velkjende formatet med åtte grupper à fire lag, der dei to beste i kvar gruppe går vidare til åttedelsfinalar.

(©NPK)

Den nye meisterligasesongen blei sparka i gang tysdag. Samtidig skapte meldingar om at det blir jobba med ein europeisk utbrytarliga for dei største klubbene sterke reaksjonar. Foto: Valentin Ogirenko, Pool via AP / NTB