Klargjør siden...

Planlegg storaksjon mot gruvedumping

(NPK-NTB): Natur og Ungdom har samla 2.000 aksjonistar som vil ty til sivil ulydnad for å hindre at gruveavfall blir deponert i norske fjordar.

– Aksjonistane er villige til å bryte lova med lenker for å stoppe planane om å gjere fjordane til avfallsplass. I året som kjem, vil Natur og Ungdom trene nye aksjonistar og jobbe for å samle enda fleire, seier avtroppande leiar Arnstein Vestre til NTB.

Når Natur og Ungdom torsdag innleier sitt 51. ordinære landsmøte i Fredrikstad, kjem planane om gruvedeponi i Repparfjorden i Finnmark og Førdefjorden i Sogn og Fjordane til å stå sentralt.

– Det å bryte lova er inga lita sak. Men når dei som styrer ikkje klarer å ta vare på miljøet, så må nokon gjere det, seier Vestre.

Landsmøtet i Natur og Ungdom varer til søndag. Då skal dei 250 delegatane velje ny leiar. To kandidatar stiller til val: Noverande første nestleiar Ingrid Skjoldvær og organisasjonens fagleiar innan klima, Tale Ellingvåg. (©NPK)

Annonse