Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Politidirektoratet (Pod) set i verk strakstiltak for å unngå at titusenvis får oppført «fødestad ukjend» i passa sine.
npk@npk.no
Publisert: 16.06.2016 kl 17:36
– Vi prøver så langt vi kan å komme til møtes dei tilbakemeldingane vi har fått frå norske statsborgarar som ikkje er født i Noreg, men som har opplevd at fødestaden deira ikkje vart ført opp i det nye passet, seier seksjonssjef Astrid Borge i Pop.
Da Pod endra passreglane i mars, vart krava til kva slags informasjon som er truverdig nok til at Noreg vil leggje det inn i passet, skjerpa. Personar født i 30 land – dei fleste i Asia og Afrika – risikerte å få oppført «fødestad ukjend» i dei nye passa sine, sjølv om dei i dag kan ha norsk pass med korrekt fødestad. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.