Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Eit risikoverktøy mot partnarvald som politiet er pålagt å bruke, blei ikkje nytta før dobbeltdrapet i Kirkenes. Justisdepartementet seier politidistrikta skal følgjast tett for å sørgje for at alle tek verktøyet i bruk.
npk@npk.no
Publisert: 01.09.2016 kl 12:03
Alle politidistrikta i landet er pålagde å bruke verktøyet SARA (Spousal Assault Assessment Guide) for betre å kunne vurdere risikoen for partnarvald og -drap. Dette verktøyet blei likevel ikkje brukt av politiet i Kirkenes då Pimsiri Songngam (37) kontakta politiet fredag i førre veke. Songngam og hennar 12 år gamle son blei drepen natt til måndag. Ektemannen (59) er sikta for drapa.
Påtaleleiar Morten Daae i Finnmark politidistrikt seier politiet oppfatta at kvinna tok kontakt berre for å få informasjon om eit forvaltningsvedtak om opphaldsløyve for sonen etter eit samlivsbrot, og at det var grunnen til at verktøyet ikkje blei teke i bruk.
Fleire har uttalt seg kritisk om denne vurderinga, og meiner politiet burde ha fanga opp at det var svært mange risikofaktorar til stades då kvinna tok kontakt. Torsdag bad politimeisteren i Finnmark Spesialeininga sjå på korleis politiet handterte kontakten med kvinna. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.