Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): – Vi har håp om at vi i framtida skal klare å løyse denne saka, seier Bjørn Kåre Dahl i Stavanger-politiet etter at etterforskinga mot dei fire som har vore sikta for Tina-drapet er lagt vekk.
npk@npk.no
Publisert: 12.09.2016 kl 12:24
– Vi har ikkje gitt opp å løyse Tina-saka. Vi har håp om at vi i framtida skal klare å løyse denne saka. Men per no har vi ikkje ei eiga gruppe som jobbar med saka, seier Bjørn Kåre Dahl, leiar av personseksjonen i Sør-Vest politidistrikt på ein pressekonferanse måndag formiddag.
Saman med politiadvokat Herdis Traa heldt han ei kort orientering etter at Riksadvokaten avgjorde å legge vekk saka mot dei fire mennene i 30-åra som sidan i fjor haust har vore sikta for drapet på 20 år gamle Tina Jørgensen i 2000.
Politiet foreslo opphavleg at saka burde leggjast vekk på bevisets stilling. Riksadvokaten opplyser at dei har valt å grunngi vekklegginga med det meir uvanlege «inkje straffbart forhold» for å understreke at ingen av dei fire er mistenkte for å ha noko med drapet å gjere.
– Sjølv om dette er ei litt anna vekkleggingskode enn det politiet og statsadvokaten innstilte på, er vi einige i realitetane om at det ikkje lenger heftar nokon mistanke mot dei tidlegare sikta i saka, seier Herdis Traa. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.