Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Politimeisteren i Sunnmøre politidistrikt ber no Cold Case-eininga til Kripos om å gå igjennom etterforskingsmaterialet etter drapet på Trude Espås.
npk@npk.no
Publisert: 04.08.2016 kl 14:28
Måndag neste veke er det 20 år sidan kvinna frå Orkanger blei valdteken og drepen i utkanten av turistbygda Geiranger på Sunnmøre.
– Drapet på Trude Espås i Geiranger har aldri vore lagt vekk frå politiet si side. Det kjem framleis inn nye tips som blir etterforska. Men dessverre har vi ikkje greidd å finne gjerningsmannen, seier politimeister Ingar Bøen i Møre og Romsdal til Avisa Sør-Trøndelag.
Ifølgje avisa er det digitaliseringa av heile det omfattande etterforskingsmaterialet som gjer det mogleg for Kripos å kunne etterforske saka med den nye eininga for alvorlege uoppklara saker.
Det omfattande etterforskingsarbeidet, som blant anna har innebore registrering av 5.000 personar som oppheldt seg i Geiranger på drapstidspunktet, avhøyr av over 3.000 menneske i 37 land og lagring av 15.000 turistbilete, har ikkje ført fram.
Saka har vakt engasjement, og har vore framme i lyset fleire gonger. Seinast i TV 2s dokumentar «Åsted Norge» frå januar i år. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.