Klargjør siden...

Politiet etterforskar ein droneobservasjon over Mongstad

Det vart observerte dronar over forsyningsbasen på Mongstad torsdag kveld og natt til fredag. Politiet etterforskar saka.

Det skriv Avisa Nordhordland.

– Det vart observerte dronar over forsyningsbasen på Mongstad torsdag kveld og natt til fredag av dei som jobbar på basen, seier politioverbetjent og beredskapsplanleggjar Knut Inge Hordvik i Nordhordland politistasjonsdistrikt til avisa.

Den seinaste observasjonen vart gjord rundt midnatt natt til fredag.

– Politiet har eit eige handlingsmønster når vi får meldingar om sånt som dette. No prøver vi sjølvsagt å finne fram til droneeigar, seier Hordvik.

Han seier dette er første observerte droneaktivitet ved olje- og gassanlegget på Mongstad.

Det er forsyningsbase for petroleum i Nordsjøen. Statnett ønskjer å ha moglegheit til å køyre gasskraftverket, som eigentleg skulle stengjast 31. august, fram til sommaren neste år.

Equinors anlegg på Mongstad i Nordhordland. Foto: Marit Hommedal / NTB

Annonse