Klargjør siden...

Politiet fann mobil 100 meter frå bustaden til sikta

(NPK-NTB): Politiet fann natt til tysdag ein mobiltelefon under ei rist berre 100 meter frå bustaden til den 24 år gamle mannen som er sikta for drapet på Galina Sandeva (28).

Krimteknikarar jobba ifølgje VG i området like før midnatt, og kunne fiske opp mobiltelefonen frå under ei rist.

Tidlegare har politiet uttalt at dei ikkje har hatt kontroll på mobiltelefonen til Sandeva, som sist vart registrert ved ein basestasjon på St. Hanshaugen/Ila-området i Oslo 16. desember, dagen før ho vart funnen drepen. Ein time tidlegare hadde politiet fått eit nødanrop frå telefonen ved Bispekaia.

Ei av undersøkingane politiet har gjort i etterforskinga er å gå gjennom loggar for tusenvis av telefonar for å sjå om nokon av dei følgjer same rute på same tidspunkt.

Forsvararen til den sikta 24-åringen, Joar Berg Henjum, vil ikkje kommentere opplysningane om at ein telefon er funnen i nærleiken av bustaden til klienten hans.

– Det eg kan seie at er at utviklinga gjennom kvelden har styrkt saka, og vi meiner vi har gripe den personen vi knyter til denne drapssaka, seier politiinspektør Grete Lien Metlid i Oslo politidistrikt til NTB etter at avhøyret av 24-åringen var avslutta seint måndag kveld.

– Men mykje etterforsking står att. Mannen har ikkje erkjent straffskuld men har forklart seg og knyter seg til saka, legg ho til.

Forsvarar Joar Berg Henjum ønskjer ikkje å gå i detalj på kva mannen har forklart seg om.

– Han har ønskt å gi forklaring. Han knyter seg til saka og hendinga. Han er lei seg for det som har skjedd, men erkjenner ikkje straffskuld etter siktinga, seier Henjum til NTB.

Den 24 år gamle mannen, som opphavleg er frå Austlandet og har budd fleire år i hovudstaden, vart gripen utan dramatikk i ein bustad i Oslo måndag ettermiddag. (©NPK)

Annonse