Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Høgsterett meiner politiet ikkje kan tvinga ein valdssikta mann frå Klepp til å bruka fingeren for å opna ein smarttelefon.
npk@npk.no
Publisert: 05.09.2016 kl 15:23
For å opna telefonen må politiet ha ein pinkode eller fingeravtrykket til eigaren. Høgsterett har samrøystes kome fram til at paragraf 157 i straffeprosesslova ikkje gjev politiet heimel til å bruka tvang for å bruka fingeren til den sikta til å få tilgang til innhaldet på mobiltelefonen.
– Eg er naturlegvis svært nøgd med avgjerda til Høgsterett. Det finst ingen lovheimel som opnar for at ein med makt kan bruka kroppsdelen til ein person, til dømes fingeravtrykk eller auga – iriskontroll, for å undersøkja andre objekt utanfor kroppen, seier advokat Inger Marie Sunde til Stavanger Aftenblad.
Sunde førte saka for den sikta 22-åringen i Høgsterett.
Politiet reknar med at det er bevis på telefonen i form av bilete eller film av valdshandlinga som skjedde på Klepp på Jæren. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.