Politiet har funne moglege falske koronadokument

Politiet vurderer å varetektsfengsle ein rumensk mann som hadde ein mistenkt falsk koronatest som viste negativt resultat.

Falske dokument som viser at ein har testa negativt på koronavirus med ei legeerklæring, kan ifølgje politiet kjøpast på internett for 185 kroner og på valfritt språk, skriv NRK. Tysdag vart ein rumensk mann arrestert i Noreg etter at han viste fram det som politiet mistenkjer er forfalska test på covid-19.

– Dette er ein urovekkjande trend ute i Europa. Vi ser alvorleg på om dette no har komme til Noreg, seier politiadvokat Andreas Meeg-Bentzen i Oslo politidistrikt til NRK.

Dersom dokumentet som vart funne hos mannen er falskt, vil han bli tiltalt for dokumentforfalsking. Politiet vurderte onsdag om dei skal krevje mannen varetektsfengsla.

Sidan styresmaktene frå 9. november innførte krav om negativ koronatest for innreisene til Noreg, er 500 personar viste bort frå grensa med grunngiving i smittevernreglane.

(©NPK)

Smitteverninformasjon i avgangshallen på Gardermoen. Foto: Terje Pedersen / NTB