Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Politidirektoratet (POD) har inngått ein samarbeidsavtale med Kystverket som skal gjere det lettare for politiet å bruke dei tre døgnbemanna loshelikoptera til politioppdrag.
npk@npk.no
Publisert: 01.07.2016 kl 19:39
– Det er ein viktig kapasitet. I Bergen står det blant anna to loshelikopter med ein times beredskap. Det betyr at ein kan få tilgang til transportkapasitet raskt, seier justisminister Anders Anundsen (Frp) til NRK.
Politiets helikopterberedskap har fått sterk kritikk i tida etter terrorangrepet 22. juli 2011. Status i dag er at politiet har to eigne helikopter som er høvesvis 14 og 15 år gamle. For kvar time helikoptera flyg, treng dei minst éin time på verkstad, og behovet for vedlikehald er aukande.
Den nye samarbeidsavtalen med Kystverket inneber at når politiet ber om hjelp, skal det prioriterast framfor primæroppdraget, som er å frakte losar til og frå lasteskip.
Politidirektør Odd Reidar Humlegård, som har inngått avtalen med Kystverket, påpeiker at det avgrensar politiets moglegheiter å bruke sivile maskiner og pilotar, fordi desse ikkje er trent for polititaktisk flyging.
– Det går an å bruke sivile helikopter i nokre samanhengar, men det er eigne politihelikopter og Forsvarets helikopter og redningshelikopter som blir berande for beredskapen i åra som kjem, seier Humlegård, som helst hadde sett at det vart kjøpt inn splitter nye politihelikopter. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.