Annonse

Politiet jaktar på fleire etter masseskyting i Sacramento

Politiet i California jaktar på fleire gjerningspersonar etter masseskytinga i Sacramento natt til måndag, der seks menneske vart drepne og tolv vart såra.

Ifølgje augnevitne fann skytinga stad i samband med ein større slåstkamp i ei folksam sentrumsgate der det ligg fleire utestader som nettopp hadde stengt.

Politiet opplyste måndag at dei jaktar på minst to gjerningspersonar som opna eld, og augnevitne fortel at dei høyrde rundt 50 skot frå automatvåpen.

Tre kvinner og tre menn vart drepne, og tolv andre vart såra i skytinga. Tilstanden for fleire av dei såra er livstruande.

Utan sidestykke

Politisjefen i Sacramento, Kathy Lester, seier at hendinga saknar sidestykke i den 27 år lange karrieren hennar innan politiet i byen og lovar at alt vil bli gjort for å finne dei skuldige.

Ein video delt i sosiale medium viser at skytinga gjekk føre seg i rundt 45 sekund, og at livredde menneske sprang for å komme seg i dekning.

Skytinga vekte òg gjester på Citizen Hotel tett ved, blant dei 18 år gamle Kelsey Schar som fortel at ho såg ein mann springe nedover gata medan han fyrte av eit våpen.

Siste i rekkja

Politiet fann etter skytinga eit stole handvåpen, men det er uklart om dette vart nytta under skytinga.

Hendinga i natt var den andre masseskytinga på fem veker i Sacramento og den siste i rekkja i USA, der om lag 40.000 menneske blir drepne med skytevåpen kvart einaste år, sjølvmord inkludert, ifølgje Gun Violence Archive.

Hittil i år har det vore 120 masseskytingar der fire eller fleire er drepne eller såra med skytevåpen, viser oversikta deira.

Liberale lover

Dei amerikanske lovene som regulerer retten til å eige og bere skytevåpen, er liberale, sjølv om eit fleirtal av USAs innbyggjarar ifølgje meiningsmålingar ønskjer strengare kontroll.

Tre av fire drap i USA blir gjort med skytevåpen, og det blir årleg selty mange skytevåpen.

I 2020 vart det selt over 23 millionar skytevåpen i USA, noko som var rekord. I fjor vart det selt 20 millionar våpen til, ifølgje Small Arms Analytics.

(©NPK)

Seks menneske blei drepne og tolv såra under masseskytinga i sentrum av Sacramento natt til måndag. Det var minst to skyttarar, ifølgje politiet. Foto: AP / NTB

Annonse