Annonse

Politiet jaktar ranarar etter dorulltjuveri i Hongkong

Politiet i Hongkong jaktar på væpna ranarar som stal fleire hundre rullar med toalettpapir. Toalettpapir har vorte mangelvare på grunn av virusfrykt.

Sjølv om styresmaktene har forsikra innbyggarane om at forsyninga av toalettpapir ikkje er påverka av utbrotet av det nye koronaviruset, har rullane vorte ei ettertrakta vare i millionbyen.

Politiet seier ein lastebilsjåfør vart stoppa tidleg måndag utanfor ein supermarknad i Mong Kok, eit område som ikkje er ukjent med organisert kriminalitet.

– Ein sjåfør vart trua at tre menn med kniv som tok toalettpapir verd meir enn 1.000 Hongkong-dollar, sa ein polititalsmann til nyheitsbyrået AFP.

Utbyttet er verd om lag 1.000 norske kroner.

Det blir meldt om nærast hysteriske tilstandar i Hongkong sidan utbrotet av covid-19-viruset starta i Kina. Frykta er delvis driven av Hongkongs erfaring med dødelege virus. I 2003 døydde 299 innbyggarar i sars-utbrotet.

No får butikkar ikkje fylt hyllene med basisvarer fort nok, og folk står i lange køar for å skaffe seg dei nødvendige rullane. Også varer som ris, pasta, desinfiserande middel og andre vaskeprodukt er ettertrakta.

Utbrotet kjem etter langvarige og valdelege protestar mot den Beijing-vennlege Hongkong-regjeringa. Styresmaktene meiner falske rykte på internett har utløyst panikkinnkjøpa og seier forsyninga framleis er god.

(©NPK)

Innbyggarar i Hongkong hamstrar toalettpapir i frykt for at forsyninga av den nødvendige vara tek slutt. Foto: Kin Cheung / AP / NTB scanpix