Annonse

Politiet legg bort sak om sjølvmordsforsøket i Ålesund fengsel

Politiet legg bort saka mot fengselsbetjentane etter eit sjølvmordsforsøk i Ålesund fengsel i september i fjor.

Då mannen vart liggjande livlaus på cella, gjekk ikkje fengselsbetjentane inn, men tilkalla i staden politiet, skriv VG.

Det tok 8 minutt før politipatruljen kom, skriv VG.

Politiet har etterforska om fengselsbetjentane braut hjelpeplikta. No er saka lagd bort.

– Saka er lagd bort på grunn av mangel på bevis. Det beror på ei konkret vurdering av objektive og subjektive vilkår for straff. Det krevst forsett i saka, seier politiadvokat Alf Rune Nilsen i Trøndelag politidistrikt til avisa.

(©NPK)