Politiet legg bort sak om tiåring som svalt i hel
(NPK-NTB): Statsadvokaten legg bort saka der ein ti år gammal gut svalt i hel på Mortensrud i Oslo. Grunnen er tvil om mora er tilrekneleg.
Det melder VG.
– Konklusjonen er at saka førre fredag, 16. oktober, vart lagt til sides grunna tvil om sikta var tilrekneleg på handlingstida, seier statsadvokat Jan Eivind Norheim til avisa.
Den ti år gamle guten vart funnen død i heimen sin for over eitt år sidan. Politiet konkluderte med at han truleg døydde av svolt og tørst, og mora vart sikta for grov omsorgssvikt med døden til følgje. Den norsk-pakistanske kvinna, som er i slutten av 30-åra, nekta straffskuld i saka.
I februar vart ho erklært strafferettsleg tilrekneleg, men dei sakkunnige var i tvil. Dette fekk Rettsmedisinkommisjonen til å be om ei ekstra vurdering, og i ei tilleggsvurdering konkluderer rettspsykiatrane med at kvinna var utilrekneleg då sonen døydde. Det sluttar statsadvokaten seg no til. (©NPK)