Politiet må vente på klarering for å få granske fregattulykka

Politietterforskarane må søkje sikkerheitsklarering for å få tilgang til materiale som kan gi svar på kvifor fregatten Helge Ingstad kolliderte med Sola TS.

- Vi vil i første omgang søkje om klarering for ei handfull etterforskarar og eventuelt utvide med fleire etter kvart, seier politiinspektør og seksjonsleiar Frode Karlsen i Vest politidistrikt til NRK.

Politiet har gjennomført ei rekkje avhøyr, mellom anna av mannskap og tilsette på sjøtrafikksentralen, etter fregattforliset i Hjeltefjorden. Men framleis er det tekniske spor i saka politiet ikkje har oversyn over. Ein av grunnane til det, er at dei ikkje har lov til å gå inn i det graderte materialet til Forsvaret.

- Dette er ein naturleg del av det å etterforske ei sak som har med eit militært fartøy å gjere. Det er element og kompleksitetar i etterforskinga som gjer at dette tek litt lengre tid enn ei vanleg etterforsking, seier seksjonsleiar Frode Karlsen i Vest politidistrikt.

Politiet har sett av fleire tital personar, blant dei analytikarar, kriminalteknikarar og etterforskarar, til å jobbe med saka. Planen er at nokre av desse skal gjennomgå den graderte informasjonen saman med folk frå Forsvaret. Då treng dei klarering etter sikkerheitslova - fordi informasjonen kan skade «Norges eller dets alliertes sikkerhet, forholdet til fremmede makter eller andre vitale nasjonale sikkerhetsinteresser» dersom den blir kjend for uvedkomande.

(©NPK)

Den havarerte fregatten KNM Helge Ingstad fotografert onsdag 14. november. Fregatten ligg på grunn nord for Stureterminalen i Hjeltefjorden utanfor Bergen. Helge Ingstad Kolliderte med oljetankaren TS Sola fredag 8. november 2018. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix