Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-Anne Marjatta Gøystdal): Ei rekkje offentlege tenester blir råka om det blir storstreik i staten frå torsdag morgon.
npk@npk.no
Publisert: 25.05.2016 kl 19:15
Meklingsfristen er midnatt natt til torsdag, og partane sett saman hos Riksmeklaren i dei siste timane onsdag kveld for å prøve å komme til semje. Faren for streik reknar ein likevel som stor i år.
Til saman 5.560 tilsette kan vere i streik frå første uttak. Blant anna vil Nav-kontor i Oslo og Mo i Rana bli råka.
– Vi har gjort ein vurdering og bestemt oss for å leggje uttak hovudsakleg til Oslo og Mo i Rana. Dette gjer vi for å ramme arbeidsgjevarsida, samstundes som vi prøver å avgrense konsekvensane med tanke på at vi er ein tenesteleverandør òg, seier informasjonssjef Stein Erik Syrstad i LO Stat til NTB.
LO tar dessutan ut ei rekkje administrativt tilsette i departement og direktorat. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Skattedirektoratet og Statens vegvesen er blant etatane som vert råka. I tillegg kjem fleire av etatar i justissektoren, som Friomsorgen og Politiets utlendingseining.
– Vi har ønskt å gå breitt ut, og streikeuttaket representerer dei gruppene som Unio representerer. Samstundes har vi lagt vekt på at liv og helse ikkje skal stå i fare, men at det vil merkast på arbeidsgivarsida, seier Kjetil Rekdal, andre nestleiar i Unio.
Skattekontor vil òg bli råka, men det er ingen fare for skattepengane. Derimot handlar det om skatterevisorar som jobbar med verksemder.
Unio tek òg ut ein rekkje politifolk over heile landet. Rekdal understrekar at det ikkje vil ha nokon konsekvensar for folks tryggleik.
– Det som vil bli berørt er etterforsking, vaktberedskap, uttransportering og sivilrettslege oppgåver, seier han.
Dessutan er det varsla at medlemmer frå fengsel og kriminalomsorga vil bli tatt ut frå måndag av.
Det blei brot i statsoppgjeret natt til 1. mai, og partane har sidan da forhandla vidare med hjelp frå riksmeklar Nils Dalseide.
Ifølgje forskar Kristine Nergaard ved Fafo er årets oppgjer særleg krevjande fordi det handlar om prinsipp og ikkje pengar. Staten krev ein fullstendig revisjon av lønnsoppgjeret, med det mål at nesten all lønsdanning skal takast lokalt. Det har dei tre hovudsamanslutningane LO stat, Unio og YS gått imot. Staten har tidlegare inngått ein egen tariffavtale med den fjerde av hovudsamanslutningane i staten, Akademikerne. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.