Politiet: Norske pass godt sikra mot misbruk

(NPK-NTB): Politidirektoratet (Pod) seier dei har sett i verk fleire tiltak etter at Riksrevisjonen gav dei kritikk for kontrollen av pass-søkjarane.

I årsrapporten sin kritiserer Riksrevisjonen måten passa blir ferda ut på. Ifølgje revisjonen er identitetskontrollen så dårleg at kriminelle kan misbruke systemet.

Pod skriv i ein kommentar at dei meiner dei norske passa i utgangspunktet er godt sikra mot misbruk.

– Riksrevisjonens kritikk rettar seg i hovudsak mot manglande etterleving av krava til informasjonstryggleik og internkontroll, manglande sporbarheit og etterkontroll av vurderingane. Vi har allereie sett i verk fleire kortsiktige og langsiktige tiltak for å lukke dei avvika som det er peika på, seier avdelingsdirektør Knut Smedsrud i Politidirektoratet.

Smedsrud seier dei har bedt alle politidistrikta om å gå gjennom tilgangane til passregisteret og utarbeide lokale rutinar baserte på ein felles mal. Det skal også innførast ei eiga sertifiseringsordning for dei som skal behandle søknader om pass og nasjonale ID-kort.

Pod varslar samtidig at dei tar sikte på å avvikle ordninga med sending av pass som ordinær A-post. (©NPK)