Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Politiet har sett fri ei 30 år gammal kvinne frå Oslo som tidlegare i haust vart arrestert og sikta for drap på den ti veker gamle sonens in. Sambuaren sit framleis i varetekt.
npk@npk.no
Publisert: 05.11.2015 kl 14:51
Den 29 år gamle sambuaren blir fredag framstilt for forlengd varetektsfengsling, fortel Dagbladet.
– Mistanken mot han er sterkare enn mistanken mot henne, seier politiadvokat Kari Kirkhorn i Oslo politidistrikt.
Kvinna vart sett fri etter å ha deltatt i ein rekonstruksjon i leilegheita til paret i Oslo måndag denne veka.
Politiet starta etterforskinga då foreldra oppsøkte sjukehus for å få akutthjelp til sonen i desember i fjor. Han hadde alvorlege skadar og døydde tre dagar etterpå. (©NPK)